Cart 0

Makelause bord laga for hand i Sogn

 
einar-startbanner-1280.jpg

I over tusen år har skogen høgt over Sognefjorden gitt tømmer til stavkyrkjer, stabbur og vikingskip. Timbla fører arven vidare og gir deg unikt interiør av den same, harde veden.

 

– Ståle, høvding av Timbla

arven-symbol.png
timbla-hogst-nedtona.jpg

Timbla tilvirkar spisebord, salongbord, langbenkar, benkeplater og baderomsinnreiingar i ulike stilar og treslag.

 

Slik lagar vi bordet ditt:

 
synfaring-540.jpg

1 Synfaring

Før vi lagar ditt draumebord, gjer vi ei synfaring i skogen for å sjå kva tre vi har tilgjengeleg.
Dette er gjort i samråd med skogeigarane, som veit kva tre som er klare til å nyttast. Dei kan òg sjå kva tre som kan takast ned utan at vi tynnar ut skogen, bærekraftig bruk av ressursane.
Dei trea som er klare til bruk, vert merka – og vi har eit register!

 

design-540.jpg

2 Design

Når vi veit kva du vil ha, kan vi handplukke treet til di bestilling. Du vel tresort, struktur og storleik – vi finn treet i rett årgang, breidd og høgd. Trea på 300 meter over havet har ein anna kvalitet enn dei trea som veks på 800 til 900 meter over havet.

Vi veit kva som passar ditt bord.

 

hogst-540.jpg

3 Hogst

Når treet er handplukka, vert det felt etter norsk standard. Trea er mellom 200 og 400 år gamle, så det er svære trær. Men vi har lært korleis vi handterer dei og tek vare på kvalitetane.

Vi nyttar kun kjernen i stammen til langbord og resten til andre ting. Øvste slipp av treet blir til ved og krona på toppen målast opp til dyrefôr.

Dette gir bærekraftig bruk av trea.

traktor-540.jpg

4 Foredling

Når treet er felt, fraktast det med traktor ned til snikkarverkstaden i Kaupanger, enten av skogeigaren eller av oss.

Her vert det skore opp i emnestørrelsar og klargjorde til tørking. Vi kutter aldri emnestykka lengre enn vi må, slik at vi får minst mogleg svinn.

Då blir det ei effektiv og ressurssparande foredling.

torking-540.jpg

5 Tørking

Emnestykka bli lagt opp i «la» før tørking. Her er det spiler mellom kvart emne for mest mogleg luft.

Vi nyttar saunatørk, ein nyare form for tørking. Dette er maskiner besteforeldra våre ikkje hadde tilgang til, og betyr at vi kan tørke treverket inne på tre veker framfor ute på to år.

Her får vi fuktigheita i treet ned i 8 prosent, då er det skikkeleg møbeltørt.

produksjon-540.jpg

6 Produksjon

Når materialet er møbeltørt, startar sjølve produksjonen. Bordplata bli laga av gullet i trestammen – kjerneveden – som er hardare og av høgare kvalitet. Vi nyttar teknikkar som «not og fjær» for å la borda leve i kvarandre. Alt blir til slutt limt saman og satt til tørk.

Heile produksjonen blir gjort som i gamle dagar, slik vi har lært av våre forfedrar, berre med meir moderne utstyr. 

ferdigstilling-540.jpg

7 Ferdigstilling

Når limen er tørr, vert bordet pussa og overflatebehandla. Vi nyttar vassbeis før vi pussar med fint papir igjen. Dette gir ein fin finish. Deretter vel du overflatebehandling: biovoks, olje, ulike fargar – eller naturtre.

Understellet blir laga hjå Dako Mekaniske på Kaupanger og blir produsert akkurat slik du vil ha det.

tre-bakgrunn-brun-svart.jpg