Timbla stegvis

 

Deltakaren skal vera med på produksjonen til Timbla. Mentor står for opplæring i den læringa som er skildra under, og deltakaren vil få dokumentasjon på gjennomført opplæring.

Timbla stegvis er eit tilbod tilpassa kvar enkelt og vil variere i lengde. Arnt Laukeland, Skogkurs, er kurshaldar for motorsag. Etter deltaking blir ein registrert som godkjent for å jobbe med motorsag i jobb som er påkrevd. 

Steg 1. Bli kjend med produksjonen inne på møbelsnekkarverkstaden på Kaupanger.

Lær bruken av diverse maskiner som:

  • Kappsag og saging på justersag

  • Høvelavrettar

  • Dimensjonshøvel

  • Bord- og handfres

  • CNC datastyrt fres

  • Pussemaskin

  • Overflatebehandling

  • Lage arbeidstegning

 

Steg 2. Bli kjend med produksjonen ute ved verkstaden på Kaupanger.

  • Lære å bruka bandsag og skjæra opp tømmer til emner for produksjon

  • Materiallære

  • Lage skjæreplan av stokkar

  • Legge material i eit «la» til tørking

  • Tørking av material i kunstig tørke

  • Vedkløyving

 

Steg 3. Motorsagkurs der ein blir godkjent med kursbevis til å jobbe med motorsag

  • Hogst og praktisk jobbing i skogen (instruktør Arnt Laukland, Aktiv skogbruk).

  • Forskriftmessig personleg verneutstyr og verneutstyr på saga

  • Sikkerheitsreglar ved arbeid med motorsag

  • Riktige og sikre felle-, kviste- og kappeteknikkar

  • Eit aktuelt hogstopplegg og bruk av arbeidsbenk

  • Nedtaking av fastfelte tre og sikker bruk av hjelpeutstyr

  • Kapping av stammar i spenn.

  • Praktiske øvingar

  • Vinsjing av tømmer ut av skogen

  • Kutte opp tømmer i lengder

  

Steg 4. Deltakaren skal produsere eit produkt som til dømes ein krakk, ei hylle eller eit bord

  • Lære å lage arbeidsteikning og materialliste

  • Lage teikning

  • Produsere produktet ved møbelsnekkarverkstaden

  • Ferdigstilling av produktet

 

Utstyr for deltaking på Timbla stegvis er arbeidsklær og påkrevd verneutstyr

Arbeidsklær møbelsnekkarverkstad;

  • Vernebukse

  • Vernesko 

  • Vernebriller

  • Høyrselvern

  • Støvmaske

  • Personleg utstyr: arbeidshanskar, måleband, kniv, blyant og belte

 

Påkrevd verneutstyr motorsagkurs;

  • Vernebukse

  • Vernejakke

  • Vernesko

  • Hjelm med høyrselsvern og skjerm

  • Personleg utstyr; hanskar, sokkar, bukseselar

  • Dette er personleg utstyr deltakaren skal bruke i jobbsamanheng seinare

 

Timepris for Mentor er kr 600,- pr. time. Lengda på opplæringa vil variere etter kor mange timar deltakarane ynskjer.

 

Som ein del av arbeidstreninga me tilbyr hjå Timbla meiner me det er naudsynt med ein sosialiseringsbit. Mange av dei me har hjå oss treng oppfylgjing utanom arbeidstid for å få framgang i arbeidet dei gjennomfører på dagtid. Dette med å møte opp til rett tid, ete rett og leggje seg når ein bør, er ein viktig del for at ein skal kunne fungere i arbeid. Me ser òg at nokre ikkje har noko form for aktivitet / sosial omgang utanom arbeidet. Timbla Stegvis har eit minimumskrav for sosialisering/oppfylgjing for å kunne ha eit forsvarleg tilbod. Dette inneber at ein har minimum 1 time samtale med autorisert helsepersonell i løpet av arbeidsveka for å fylgje opp arbeidet, men òg for å ha nokon ein kan snakke med om andre ting som ev. tyngjer ein. Me vil og ha eit minimumskrav for sosialisering på ettermiddag/kveld, her har me sett eit minimumskrav på 2 timar pr. veke, men gjerne meir. Her vil me kunne tilby aktivitetar som :

  • Klatring i storhall med erfarne klatrarar

  • Trening på treningssenter med instruktør

  • Bading

  • Turar i skog og mark

  • Fisking i fjellvatn eller på fjorden

  • Sosialkveldar med ulike aktivitetar

  • Kino

  • Matlaging.

Om nokon har behov berre for å snakke/møte andre så tek me gjerne heimebesøk.

 

Timepris for fagarbeidar er kr. 600,- pr. time. Lengda på opplæringa vil variere etter kor mange timar ein bestiller for deltakar.

 

Mvh
Ståle Loftesnes

Timbla AS
Jektestrondi 2
6854 Kaupanger
Mob: 41 29 28 03