FORSKNING OG UTVIKLING

 
 

FoU er viktig for å identifisera utfordringar og problemstillingar rundt innovasjonen: Oppsirkulering av kapp og avfall fra byggeindustrien til nye bærekraftige produkt. Timbla vil gjere innleiande FoU-arbeid og analysar. Det vil hjelpe oss med korleis vi kan sette opp prøveproduksjon av nye bærekraftige byggprodukt som til dømes kubbegolvfliser, men og korleis vi kan innrette eit komande hovudprosjekt for ein fullskala industriproduksjon.

Timbla vil og sjå på andre råstoff som kan oppsirkulerast til nye bærekraftige og sirkulære produkt. Døme på det kan vere byggavfall, rivningsvirke og returvirke.

Aktuelle støtteordningar for eit hovudprosjekt vil vere innovasjons-prosjekt i næringslivet (IPN) hjå Norges Forskingsråd eller regionale innovasjonsprosjekt i næringslivet hjå Regionalt Forskingsfond Vestland.

Timbla tek jobben.