KARTLEGGE/REGISTRERE KAPP/AVFALL

 

KAPP FRÅ ARE TREINDUSTRIER

 

Vi kan kartlegge kapp og avfall fra både riveprosjekter og industribedrifter.

For industribedrifter vil ein i større grad nytte kapp/avfall til større produksjonar då dette gir ein sikrare tilgang til råvarer. Dimensjonar og volum vil vere kjende storleikar og produksjonen vil vere enklare å planlegge.

Rivning er ein meir kostbar prosess grunna tida ein vil nytta til rivinga og sortering. Sorteringa er viktig for å unngå skada tre og for å hindre at spikar vert med vidare og øydelegg utstyret i produksjonslinja. Timbla vil kunne kartlegge moglegheitane og på ein kostnadseffektiv måte hente ut det treet som er egna til produksjon.