OM OSS

Ståle

Tittel Høvding

Møbelsnekkar

Ekspert på tredesign og produksjoner

Eg er oppvaksen i Sogndal og er lidenskapeleg oppteken av råvarene vi har rundt oss. Allereie som liten gut fekk eg auga opp for snikkaryrket. Eg tasla rundt bestefar Einar, som starta eige sagbruk på Loftesnes i 1954. Eg vart fascinert over kva tømmer kan bli til, noko eg alltid vil vere fascinert over.

Eg gikk i lære hos Nævdal snekkeri i Bergen. Johannes Nævdal lærte meg å jobbe tett med designarar og interiørarkitektar for å skapa delikate og skreddarsydde løysingar. Sidan har eg jobba med eigne prosjekt innan interiør og møbel. I dag blir Timbla eksklusive spisebord produsert på min eigen snikkarverkstad på Kaupanger.

Arbeid med tre er ein lidenskap – eg fortel deg gjerne alt eg veit.

Ståle – Høvding av Timbla

Lars

Tittel Jarl

Møbelsnekkar

Eg er oppvaksen på Hermansverk og er fagutlært ved Timbla AS med fagbrev som møbelsnekkar. I tillegg har eg bachelor-utdanning i idrett, fysisk aktivitet og helse.

Eg har alltid putla litt på med snekkring, reparasjon og restaurering og eg er ganske oppfinnsom. Men det var tilfeldigheitar som førte meg til møbelsnekkar yrket.

Lage eksklusive heiltre møblar er min favoritt nisje og eg har eit sterkt fokus på å få alt perfekt, ned til dei minste detaljar. Når eg leverar noko så er tilstaden på produktet 110%.

Vidare er eg ekspert på produkt der ein nyttar tre og epoxy saman.