Cart 0
 

Arven

Kunsten å handtera treverket er arva av våre forfedrar – det gamle, sterke tømmeret er arva frå naturen. Slik veit vi med sikkerheit at det blir kvalitet heile vegen frå rot til produkt.

 
Arven-bilde-lys.jpg

Timbla lagar spisebord, salongbord, langbenkar, benkeplater og baderomsmøbel i ulike stilar og treslag

 
kaupanger.jpg

Kaupanger

Nokre av dei eldste sagbruka i Sogn og Fjordane kan daterast tilbake til 1600-talet. Vi veit òg at fleire stavkyrkjer er bygd med furu frå Sogn, mellom anna Kaupanger stavkyrkje frå kring 1190. Det er heller ingen myte at vikingane kom hit og henta treverk for å bygge skip.

Orsaka er enkel: Tilgangen på gamal fjellfuru. Dei veks tregt og har god kjerneved, noko som gjer ho til ein robust tresort med lang levetid.

Ved å nytte handverkstradisjonane min bestefar nytta, veit eg at langborda er bærekraftige og av beste kvalitet. Prosessen frå rot til produkt er gjort i tråd med slik våre forfedre gjorde det, av lokale handverkarar med lidenskap for trekunst. Vi fører historia vidare i generasjonar.

om-stale-540.jpg

Ståle Loftesnes

Eg er oppvaksen i Sogndal og er lidenskapeleg oppteken av råvarene vi har rundt oss. Allereie som liten gut fekk eg auga opp for snikkaryrket. Eg tasla rundt bestefar Einar, som starta eige sagbruk på Loftesnes i 1954. Eg vart fascinert over kva tømmer kan bli til, noko eg alltid vil vere fascinert over.

Eg gikk i lære hos Nævdal snekkeri i Bergen. Johannes Nævdal lærte meg å jobbe tett med designarar og interiørarkitektar for å skapa delikate og skreddarsydde løysingar. Sidan har eg jobba med eigne prosjekt innan interiør og møbel. I dag blir Timbla langbord produsert på min eigen snikkarverkstad på Kaupanger.

Arbeid med tømmer er ein lidenskap – eg fortel deg gjerne alt eg veit.

Ståle – Høvding av Timbla


 

Sjå langbord, salongbord og Fjedl skjærefjøl i vårt showroom ved Kaupanger stavkyrkje, 300 meter nedover mot båthamna.

Ope frå 09 til 15:30 måndag–fredag. Følg skilting til Kaupanger stavkyrkje og køyr vidare nedover ca. 300 meter.

Showroom

 
 
IMG_2168.JPG

Litt om treslaga

Timbla lagar møblar i det treslaget du ynskjer, men vi har god erfaring med desse tresortane: 

 
fjellfuru.jpg

Fjellfuru

Fjellfuru frå Sogn veks i eit unikt klima mellom fjord, fjell og bre. Dette gjer at furua veks seint, gjerne berre 2–3 mm i året. Kvaliteten på trevirket blir derfor meget god. Det er ikkje utan grunn at stavkyrkjene i Sogn som er over 1000 år gamle er laga av fjellfuru. Bryggen i Bergen er også bygd av fjellfuru frå Sogn. Bord av fjellfuru frå Sogn er bygd for å vare i mange generasjonar. 

 


ask.jpg

Ask

Asken vart sett på som "reiskapstreet". Galme treski og meier vart ofta laga av ask pga treet sin seigheit og styrke. Treet er av lyst materiale med grov struktur. Pene store årringar. 

 

 


arnfinn-alm.jpg

Alm

Almen har seig og hard ved, og har difor gode styrke-eigenskapar. Alm var tidligare ein viktig matressurs for folk og dyr, då barken vart brukt for å spe ut mel i brødet, derav barkebrød. 
Alm er Sogn sitt svar på Eik. Den er sjeldan og vanskeleg å få tak i, dette gjer bord av alm eksklusive og makelause. 

tre-bakgrunn-brun-svart.jpg