Timbla stegvis
Deltakaren skal vera med på produksjonen til Timbla. Mentor står for opplæring i den læringa som er skildra under, og deltakaren vil få dokumentasjon på gjennomført opplæring.
Timbla stegvis er eit tilbod tilpassa kvar enkelt og vil variere i lengde. Arnt Laukeland, Skogkurs, er kurshaldar for motorsag. Etter deltaking blir ein registrert som godkjent for å jobbe med motorsag i jobb som er påkrevd.
Steg 1. Bli kjend med produksjonen inne på møbelsnekkarverkstaden på Kaupanger.
Lær bruken av diverse maskiner som:
Kappsag og saging på justersag
Høvelavrettar
Dimensjonshøvel
Bord- og handfres
CNC datastyrt fres
Pussemaskin
Overflatebehandling
Lage arbeidstegning
Steg 2. Bli kjend med produksjonen ute ved verkstaden på Kaupanger.
Lære å bruka bandsag og skjæra opp tømmer til emner for produksjon
Materiallære
Lage skjæreplan av stokkar
Legge material i eit «la» til tørking
Tørking av material i kunstig tørke
Vedkløyving
Steg 3. Motorsagkurs der ein blir godkjent med kursbevis til å jobbe med motorsag
Hogst og praktisk jobbing i skogen (instruktør Arnt Laukland, Aktiv skogbruk).
Forskriftmessig personleg verneutstyr og verneutstyr på saga
Sikkerheitsreglar ved arbeid med motorsag
Riktige og sikre felle-, kviste- og kappeteknikkar
Eit aktuelt hogstopplegg og bruk av arbeidsbenk
Nedtaking av fastfelte tre og sikker bruk av hjelpeutstyr
Kapping av stammar i spenn.
Praktiske øvingar
Vinsjing av tømmer ut av skogen
Kutte opp tømmer i lengder
Steg 4. Deltakaren skal produsere eit produkt som til dømes ein krakk, ei hylle eller eit bord
Lære å lage arbeidsteikning og materialliste
Lage teikning
Produsere produktet ved møbelsnekkarverkstaden
Ferdigstilling av produktet
Utstyr for deltaking på Timbla stegvis er arbeidsklær og påkrevd verneutstyr
Arbeidsklær møbelsnekkarverkstad;
Vernebukse
Vernesko
Vernebriller
Høyrselvern
Støvmaske
Personleg utstyr: arbeidshanskar, måleband, kniv, blyant og belte
Påkrevd verneutstyr motorsagkurs;
Vernebukse
Vernejakke
Vernesko
Hjelm med høyrselsvern og skjerm
Personleg utstyr; hanskar, sokkar, bukseselar
Dette er personleg utstyr deltakaren skal bruke i jobbsamanheng seinare
Timepris for Mentor er kr 600,- pr. time. Lengda på opplæringa vil variere etter kor mange timar deltakarane ynskjer.
Som ein del av arbeidstreninga me tilbyr hjå Timbla meiner me det er naudsynt med ein sosialiseringsbit. Mange av dei me har hjå oss treng oppfylgjing utanom arbeidstid for å få framgang i arbeidet dei gjennomfører på dagtid. Dette med å møte opp til rett tid, ete rett og leggje seg når ein bør, er ein viktig del for at ein skal kunne fungere i arbeid. Me ser òg at nokre ikkje har noko form for aktivitet / sosial omgang utanom arbeidet. Timbla Stegvis har eit minimumskrav for sosialisering/oppfylgjing for å kunne ha eit forsvarleg tilbod. Dette inneber at ein har minimum 1 time samtale med autorisert helsepersonell i løpet av arbeidsveka for å fylgje opp arbeidet, men òg for å ha nokon ein kan snakke med om andre ting som ev. tyngjer ein. Me vil og ha eit minimumskrav for sosialisering på ettermiddag/kveld, her har me sett eit minimumskrav på 2 timar pr. veke, men gjerne meir. Her vil me kunne tilby aktivitetar som :
Klatring i storhall med erfarne klatrarar
Trening på treningssenter med instruktør
Bading
Turar i skog og mark
Fisking i fjellvatn eller på fjorden
Sosialkveldar med ulike aktivitetar
Kino
Matlaging.
Om nokon har behov berre for å snakke/møte andre så tek me gjerne heimebesøk.
Timepris for fagarbeidar er kr. 600,- pr. time. Lengda på opplæringa vil variere etter kor mange timar ein bestiller for deltakar.
Mvh
Ståle Loftesnes
Timbla AS
Jektestrondi 2
6854 Kaupanger
Mob: 41 29 28 03